DOTFA
Bilder fra fjorårets festival
UNGJAZZFESTIVALEN 2012

Jazz og Lyrikk

på Teaterfabrikken - Lørdag kl. 13:00

Ingrid Smoge

Ingrid Smoge

Ingrid Smoge (18) er frå Hareid og går no musikklina på Fagerlia vidaregåande skule. Ho har fleire gongar og i ulike samanhengar framførd eigne tekstar og eigen akkompagnasjon på ukulele eller gitar. Ho lærte seg gitar då ho var fjorten år og ukulele to år seinare. Ukulele er eit spennande instrument som ho er fasinert av. Tekstane hennar handlar om seg sjølv og slik ho oppfattar folk flest ser livet. Ho brenn for å spreie glede, det å vere "ekte" og at ein kan tør å vere seg sjølv. Den første skikkelige songen lagde ho då ho var tolv år. Melodiane lagar ho sjølv. Den kjem først og brotstykke av teksten, som ho jobbar vidare med. Dette kan ta frå nokre dagar til fleire veker. Ingrid har med seg Martin Smoge på bass.

Ungjazzfestivalen samarbeider med:

mjlogo2012